top of page
  • Writer's pictureGunnar Garfors

Boklansering 18. september i Naustdal, Bergen og Oslo

Frå Samlaget sin haustkatalog.

I boka si ånd vert det feil å ha lansering berre éin stad. Torsdag 18. september startar lanseringsturnéen med morgonkaffi i Naustdal før den held fram med forfriskningar i Bergen til lunsj og hovudlansering i Oslo klokka 18:00.


Verdspremiera vert i kommunestyresalen i Naustdal. 17. mai utfordra ordførar Håkon Myrvang meg til å ha lansering i heimkommunen min, noko eg sjølvsagt ikkje kunne takke nei til. Lanseringa vert klokka 09:00, like før kommunestyremøtet startar, og det vert open sal. Ordføraren stiller med kaffi til morgontrøytte sunnfjordingar.

I Bergen held vi fram på bokhandelen Akademia i Studentsenteret på Universitetet klokka 13:00. Før det heile avsluttast med hovudlansering på bokhandelen Tanum i Karl Johans gate klokka 18:00 og likvide forfriskningar på ein meir eigna stad i nærleiken etterpå.

På alle tre stadene får vi ei innleiing frå Samlaget før eg les eg frå boka, svarar på eventuelle spørsmål og er disponibel til å signere bøker. Lanseringane er opne for alle.

Det er Samlaget som gjev ut boka. Den omhandlar mine reiser til alle verdas 198 land. Innhaldet er delt inn etter 21 tema som til dømes matopplevingar, trøbbel, Interrail og damehistorier. Kvart land får eit eige kapittel under relevant tema. Boka er på 496 sider og vil koste 299 kroner. Du kan førehandsbestille signerte eller usignerte eksemplar allereie no.

Og les gjerne første omtale av boka (frå Kuwait(!), på engelsk).

1 view0 comments

Comments


bottom of page