top of page
  • Writer's pictureGunnar Garfors

Vil du ha ei bok heilt gratis?


Det høyrest ut som rein desperasjon. Og det er det. Men nauda lærer naken kall å selje tjall.

Boka mi “198” kom ut 18. september. Det er over ein månad sidan. Og berre éi norsk medieverksemd, magasinet Reiseliv, har lese boka og vidareformidla sine tankar om ho i ei bokmelding. Som faktisk resulterte i terningkast 5. Det er eg kjempenøgd med.

Men ingen andre?

Sidan eg er rastlaus, utolmodig og dårleg til å slappe av prøver eg med dette på ufint vis å drastisk auke talet på slike. Det skal ikkje mykje til, berre ytterlegare éi bokmelding vil gje ei auke på 100%. Ei heil dobling.

Det er sjølvsagt risiko involvert i å gjere noko slikt. Med ytterlegare fem bokmeldingar risikerer eg å gå ned frå eit nokså fint femmarsnitt til under to. For 5+1+1+1+1+1 = nesten 1,67.

Litt må ein satse.

Og femmaren gjev meg unekteleg sjølvtillit. Eg vil seie at det er usannsynleg å få fleire enn 50 bokmeldingar i Noreg. Sjølv om alle 49 andre gjev terningkast 1, så endar eg likevel opp med eit snitt på 1,08. Altså framleis over éin. (Det er ikkje lov med karakteren 0.)

Om du driv ei medieverksemd er det berre å ta kontakt, så skal du får ei heil bok heilt gratis. Ho er på heile 500 sider, inkludert omslaget, og altså ganske omfangsrik. Det gjer at du i verste fall får gratis ved. Du har ikkje peisomn, seier du? Då skal du få ein rundbrennar med på gåva. Han hentast på Bislett. I hovudstaden. Det einaste eg ber om er ei bokmelding i retur. På ein eller annan allmenntilgjengeleg plattform som medieverksemda di publiserer til.

Panikk?

Hugsa eg å seie at eg i denne samanheng reknar publiserte bloggar, Twitter-meldingar og Instagram-bilete som medieutputt? Ja, sjølvsagt har eg panikk. Som ikkje-prisvinnande forfattardebutant er det ei neglebitande oppleving å gje ut bok. Den vanskelege førsteboka. Eg har ikkje peiling på korleis dette fungerer. På kva som skjer etter lanseringsturné til alle Noregs fylke på éin dag og etter boklanserings-frukost, -lunsj og -fest to dagar seinare. For å så oppleve det forlaget omtalar som eit bra opningssal. Men det hadde dei vel sagt uansett. For ikkje å risikere å trigge eventuell suicidal åtferd, tvangstankar eller nok eit besøk til alle verdas land. Og så viser norske boklesarar (dei som må ha stått for det gode opningssalet) seg så sjenerte eller høflige at dei ikkje seier kva dei meiner om det dei har lese. Skjønt det er kanskje heilt vanleg? Om du les eitt kapittel om dagen, så er du trass alt først ferdig med boka sånn cirka 4. april. I 2015.

Nøl ikkje med å fortelje kva du meiner. Eg tåler det meste. Etter å ha jobba på slakteri og spelt fotball med Robert Holmen. Og mot grossistar av raude kort. Berre hugs emneknaggen #198mireise. Og om du legg ut eit Instagram-bilete av boka på ein spennande stad, med denne emneknaggen, så kan du vinne eit reisegåvekort på 1000 kroner frå forlaget mitt Samlaget.

Eg har ti bøker å gje vekk. Men berre ein rundbrennar. Be om gratis bok her.

Bokhandelen har óg bøker, om du ønskjer meir enn éi. Eg er usikker på rundbrennarar.

Og om du ikkje driv noko mediemerksemd eller vil publisere noko bokmelding så vil eg gjerne høyre kva du tykte om boka likevel. På Twitter og Instagram (@garfors) eller via epost.

2 views0 comments
bottom of page