top of page
  • Writer's pictureGunnar Garfors

Korleis slakte ein slaktar

Fortener boka eller bokmeldinga slakt?

Det er enkelte bokmeldarar som har fått med seg at eg har skrive mi første bok, “198 – Mi reise om alle verdas land”. Dei fleste av dei hevdar å like kva dei las. Men ikkje alle. Ikkje Helge Baardseth i Vagabond, ei slags guidebok som no og då kjem ut i magasinform.

Eg har treft han ein gong, då vi vart intervjua om verdas beste reisemål av Camilla Flaatten i Aftenposten. Ho skreiv saka “Her er stedene globetrotterne mener du bør dra neste år“. 70-åringen frå hovudstadsområdet verka tilsynelatande hyggjeleg, kanskje noko eksentrisk. Men han stakk tidleg frå intervjuet, og eg høyrde aldri frå han att.

Før bokmeldinga han hadde skrive om boka mi “198” elektronisk tikka inn til telefonen min frå ein lesar. Totalslakt (med unntak av nokre artige geografilister bakerst)!

Då er det utruleg kjekt å sjå at lesaren har teke seg bryderiet med å kommentere fleire av Baardseth sine kommentarar. “Finn 15 feil i årets mest surmagede bokanmeldelse” er tittelen på biletet. Sjå slaktet av slaktet, under.

Slaktaren Baardseth hevdar å ha lese heile boka. Han om det. Og så vart han sanneleg sjølv slakta.

Nokre gonger berre leverer internett.


12 views0 comments

Comments


bottom of page