top of page
  • Writer's pictureGunnar Garfors

Om sauar og reiseposørar

Updated: Jul 23, 2023

Kvifor ikkje Ofoten når Lofoten er full? Eller uansett.

Tilsvar til “Reiseposørene” på NRK Ytring: Det er interessant å få sin eigen kronikk analysert av ein lektor, 30 år sidan eg på 80-talet skreiv skulestilar i byte for bokstavkarakterar frå den legendariske norsklæraren på Naustdal barne- og ungdomsskule. I 2020 er Njaal Johansen kritisk til mine skråblikk på nordmenn på tur i Noreg. Mi reiseerfaring synast uinteressant, då ho ikkje reflekterer folk flest sin måte å reise på, og det er heilt greitt. Sjølv om eg kanskje kan sjå på det å reise frå uvanlege synsvinklar.

Johansen gjettar til dømes at eg ikkje har vore i Syden, på trass av at eg både omtalar “området” og har vore i middelhavslanda “minst to ganger”. Eller at eg faktisk kan tenkjast å ekskludere meg sjølv frå “saueflokken” eg omtala i den opphavelege kronikken på NRK Ytring, “Saueflokk på tur“:


“For som innehavarar av norske pass har vi vore blant fåtalet i verda som faktisk kunne reise utanlands. Vi har tid, transportmogelegheiter, tilgang på vaksinar, fridom og ikkje minst pengar. Mykje pengar, i alle fall samanlikna med dei som bur på reisemåla.” Ein snittnordmann nyttar nesten dobbelt så mykje som ein snittsvenske på å reise i året. Vi er verst/best i verda. Vi har alle mogelegheiter, men vel å oppsøkje kø når vi først må feriere i eige land. Eg har sjølvsagt ingenting imot dei populære reisemåla eller dei som reiser dit, eg berre undrar meg over at så mange likar seg som sild i tønne. Kva med å eventuelt reise dit grytidleg om morgonen eller utanom sommarsesongen?


No let eg til og med vere å nemne korona. Det å stimle saman rundt nokre få turistattraksjonar under ein verdsomspennande pandemi er ikkje nødvendigvis spesielt tilrådeleg (Skjerp dere, feriefolk).


Johansen meiner samstundes at eg tilhøyrer ein annan flokk, nemlig “reisende som ikke liker at andre gjør det”. Så eg er altså medlem av ein (ulve)flokk som mislikar den opphavelege saueflokken. I så fall ville eg neppe ha kome med 10-15 konkrete tips til kvar ein kvar noregsturist kan reise for å oppleve utrulege og eksotiske reisemål, utan å måtte stå i kø eller kjempe om å kunne ta premiebilete som vil skilje seg ut frå dei som “saueflokken” tek i Lofoten, Geiranger eller på Preikestolen. Johansen har rett i at eg truleg tilhøyrer ein spesiell type reisande, og eg meiner at folk med fordel kan reise meir for å utvikle seg sjølve.

Eg har heller ikkje innvendingar mot at folk slappar av i solsenger eller ønskjer enkle og komfortable reisemål. Men er det ikkje enklare og meir komfortabelt å ikkje stå i kø overalt, betale mindre for overnatting, mat og inngangsbillettar eller køyre i eige tempo og kunne parkere gratis der ein ønskjer? Og som ein bonus kunne oppleve noko anna enn “alle andre”? For ikkje å snakke om at servicen truleg også er betre. Vi snakkar tilbod og etterspørsel. I tillegg har kro-, hotell- eller campingplassvertar utanom toppattraksjonane betre tid til deg som gjest. Hadde ikkje reiselukka vore like stor eller endå større om ein ikkje hadde oppdaga ein stad på eiga hand, i staden for å valfarte rett til dei “obligatoriske” toppturistattraksjonane i Noreg? Dette undrar eg meg over.

Det er ingenting gale med enkelt og avslappande, Njaal Johansen, men er det det på Nordkapp, Atlanterhavsvegen eller Kjeragbolten? Med lange køar og blokkerte utsikter? At vi har ferie på same tid er knappast noko orsaking for å klynge saman på få reisemål i løpet av få sommarveker når vi har titusenvis av originale andre norske destinasjonar å velje mellom.


Johansen håpar at globetrotterar som meg reiser til fleire skjulte og ukjende stader og kan fortelje “saueflokken” om dei seinare gjennom bøker og på sosiale medium. Noko eg gjer med eit visst hell og som kan lesast om i den siste boka mi “Ingenstad“, sjåast gjennom potensielt inspirerande bilete på instagramprofilen min @garfors eller lyttast til via Noregs største geografi- og reisepodkast “Globusrulett” som eg driv saman med reisejournalist Thorkild Gundersen. I alle kanalar oppfordrar eg folk til å reise til kjende og ukjende stader, i inn- og utland, med eller utan kø. Eg trur likevel at dei fleste av oss, med verdsrekord i turgåing, føretrekk feriar utan trengsel.


Lektoren antydar at globetrotterar bør vere glad for “sauane” slik at dei av oss som reiser mykje kan få dei “spennande” reisemåla for oss sjølve. Han gløymer at vi alle er sauar, som er ålreite dyr, og at vi som nordmenn er eksepsjonelt privilegerte når det kjem til det å reise. Eg har dessutan tru på at det å reise fører til ei betre og gjensidig oppfatning av dei du møter enn noko anna metode vi kjenner til. Mellom kulturar, nasjonar, livssyn og individuelle menneske frå ulike bakgrunnar. Truleg vil verda bli ein betre stad dersom fleire reiser, kommuniserer med kvarandre og er opne for tankar og filosofiar ulike sine eigne. For det kan berre føre til meir respekt, nye venskap og mange fleire gjensidige smil.

Eg er glad for at Njaal Johansen sin analyse av teksten min viser at sarkasme er ein vanskeleg øving. Og om ein lektor si forståing av kronikken min ikkje tek omsyn til ei rekkje vesentlege poeng, så bør eg kanskje leve i frykt for korleis “saueflokken” også vil misforstå teksten. Eg har stor respekt for at mange er førstegongsreisande i eige land, og at enkelte som er vande med ferdigspikra opplegg kan finne det utfordrande å planleggje alt frå transport via hotell til sjåverdigheiter. Det betyr likevel ikkje at det tilsynelatande mest spektakulære eller det som skårar best på Tripadvisor er det ein bør gå for dersom ein ønskjer ei optimal norsk ferieoppleving.  


P.S. Johansen undrar seg også over at ein ekstremreisande, som til og med skal ha reist jorda rundt på 56 dagar, kan tenkje på miljøet. Truleg refererer han til flyturane rundt planeten på 56 timar og 56 minutt i 2018. Det var ikkje ei reiseoppleving, det var eit logistikkeksperiment og verdsrekordforsøk som var klimakompensert gjennom planting av fleire tusen tre. Reising forureinar, som alt anna. Eg og andre medlemmar av alle flokkar må redusere våre utslepp innan alle sektorar, ikkje berre utvalde få.


44 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page