top of page
  • Writer's pictureGunnar Garfors

La oss ta Førdefjorden attende


Førdefjorden sett frå Engebø. Best utan 300 tonn gruvestøv og tilsette kjemikaliar.

Den norske regjeringa har sagt ja til at 300 millionar tonn med gruveavfall kan dumpast rett i Førdefjorden, tilsett diverse kjemikaliar. Vi snakkar om ein nasjonal laksefjord som går langs bygder, byar og fantastiske naturområde. Hjelp oss å støtte marknadsføring til fordel for politiske parti som kan stoppe dette om dei vert valde inn på kommunestyret i haust. Målet med denne kronerullinga er å gjennom lokal marknadsføring mobilisere folk til å delta i lokalvalet og stemme på eit parti som er imot fjorddeponi.

Støtt prosjektet på reddfjorden.org.

Førdefjorden frå Engebøfjellet.

Regjeringa sitt vedtak kan medføre store konsekvensar for sjø- og turistnæringane. Det er likevel kommunestyret som har suveren reguleringsmyndigheit i slike saker. Ved å få folk rundt Førdefjorden til å nytte røysteretten og stemme på eit parti som er imot deponi kan vi ta fjorden tilbake på demokratisk vis. Det stadfesta også Bergens Tidende på leiarplass 3. august: Endringar i korleis kommunestyra er sett saman opnar for å bruke reguleringsplanane til å stanse deponiet. Men det krev eit nei-fleirtal på kommunestyret, det vil seie minst 11 av 21 representantar. Spesielt alvorleg er det at Nordic Mining sine gruveplanar vart presenterte i 2008, medan det var kommunestyret som vart vald inn i Naustdal 2007, året før, som sa ja til deponi i Førdefjorden. Fleirtalet (Ap, H og Sp) handla altså utan mandat frå veljarane. Dei fortener ikkje ny tillit. La oss ta fjorden attende. Røyst på eit parti som er imot fjorddeponi.

Og hjelp oss å få fram bodskapen til andre veljarar i Naustdal og dei tre andre kommunane rundt Førdefjorden. Vi vonar du rullar nokre kroner vår veg for å hjelpe å stoppe dette.

Du kan hjelpe på reddfjorden.org.

P.S. Galskapen har blitt omtala av The Guardian, The Telegraph, BBC og mange andre.

1 view0 comments

Recent Posts

See All

Comentários


bottom of page